Det skjønneste dikt er livet - det som leves mens det diktes. - Henri Frédéric Amiel

11. mai 2011

Grusomme meg

eg er så grusom
det fins ikkje ord
eg trur eg har fått det frå min mor

når eg var liten
sang ho for meg
dei grusomste songar
du kan tenkje deg

mir bror var misunnerleg
han ville vonde ting mot meg
men eg, eg var ond
eg visste han var dum

min mor sa i fra
"nå gjer du ikkje noko gale"
"nei," sa eg, "eg er då snill som eit lam"
"tvi, du tør ei," sa min mor
og vi ropte i kor

grusomme meg satte opp ein plan
så ond og grusom
og hemmeleg for min mor
og min bror han visste heller ikkje
kva eg hadde fore

ein kveld
min mor sang sin grusomme song
(bæ bæ lille lam)
og då ho trudde eg var sovna
gjekk ho ut og satte seg i stova

eg opna glaset
og hoppa ut
min onde plan var forut
"eg skal te min bror i natt!"

eg sneik meg på bare føtter
og spilte på mine lepper
når eg så kom
til min broders rom
var det ingen der

eg kjente nokon puste bak min rygg
det var min bror
som svor på at han skulle ta meg
"nei nei! Kvifor meg, min bror?
og ikkje vår mor?"

min bror sto og grubla
etter ei stund sa han
"eg har aldri likt hennar song,
skal vi to
gjera ende på ho?"

og no har dei ikkje lenger
nokon mor
men ho er ikkje daud
ho ligg på galehus
og veit ikkje ut eller inn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar