det var ein gong
eit lite lam
med kvite prikker små
han var ensom og forlatt
som ein liten hattifnatt
men uten lue på
så ein dag
i april
eller kanskje var det mai
Lamungen skulle ut
å handle ein meget god
vegetariansk pizza
det var løvetann
ein dæsj med krydder
og mange små fiolar
på toppen lå det
heilt forlatt
ein liten blåbærknopp
på turen møtte han
eit annet lite lan
eit lam av den fine sort
med sløyfe på og blå øyne
sto ho og kikka på
"kan eg få vera med deg?"
brekte ho i fistel
så gjekk dei saman
langs den sommarlege veg
på butikken fann dei pizza
og bar han med seg heim
men!
så fann dei heller ut
at dei skulle ta ein anna veg
og ut på tunet dei gjekk
dei satte seg ned i solnedgangens glans
og åt sin nydelege vegetarpizza
med blåbærknoppar på
der dei satt i evigheita
saman, ikkje forlatt
kom det ein bonde
med slakteøksa klar
dei endte som fårikål
men lykkelege var dei dog
blant kål og pepparkorn
for trur du ikkje på kjerleiken
veit du no koleis det går
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar